torsdag 31. oktober 2013

Årsaka til at eg av og til er litt sein...

Denne delte eg med mine kolleger i dag som titt og stadig må finne seg i at eg er litt for sein no som bilen vår valgte å takke for seg her om dagen. Har ikkje heilt fått grep om tidsberekninga endå. No deler eg den med dåke òg, og att på til på nynorsk! Tippar både far, mor og søster vert stolt no :)

Ein heilt vanleg morgon hos familien M ( eller Drømmelykke heimen som er det offisielle namnet på web..)

Når klokka til far har ringt i sånn ca 30-45 minutt står mor opp, då ringer nemlig mi klokke så om far ikkje har stått opp no må han rykke bakerst i køen! Er eg heldig får eg opp til 5 minutt åleine på badet før døra flagrar opp og ein står på utstilling for heile familien i all si prakt. Å låse døra slutta eg med for nokre år sida. Det er alltid nokon som må inn likevel. Etter mi høgt oppskatta, men alt for korte aleinetid er det tid for dagens første kamp. Minste skal helst bestemme sjølv og sjølvsagt skal alt gjerast på eiga hand. Nummer 2 surrar rundt si eiga akse og gløymer både tid og gjeremål. Eldste vil helst ikkje stå opp. Etter å ha krangla med Minste i ti minutt om Tom og Jerry trusa er rein eller ikkje får eg det som eg vil. Det heile gjentar seg med jevne mellomrom gjennom heile påkledningsprosessen. I mellomtida får Nummer 2 fred i si eiga verd og han kvepp til då eg bryt transen for å be han om å kle på seg. Eldste står opp når me andre er klar til å kle på oss ytterkleda. Intensjonanen mine om å starte dagen med mindfullness kor eg skulle sjå meg i speilen og sei at dagen vart bra må eg berre innsjå at ikkje vart fullført i dag heller.  

Til tross for iherdig planlegging kvelden før med ferdige nister og framlagte kle fører kampen på badet ( som eg endå ikkje har funne noko måte å planlegge, tips mottas med takk) til at me alltid er seinare ut døra enn planlagt. Med tanken på at bilen vår no i tillegg står fint parkert utanfor døra, utan tegn til liv, er tidsplanen vår kraftig innskjerpa . Berre ein liten brist i denne kan velte heile skjemaet. Me må nemlig ta i bruk beina for å komme oss til barnehage og jobb og då må det bereknast ekstra god tid! Eldste og Minste spring framst. Eg etter med hjarte i halsen for ein veit aldri når Minste får overbalanse og ramlar rett ut i vegen. Dette vil jo typisk nok vere akkurat i det det passerer ein bil. Nummer 2 kjem labbande etter mens han ropar at eg må vente. Eg ropar tilbake at eg må skynde meg etter Minste i tilfelle han dett.  Eg ser på klokka og panikken grip tak i meg som ei klo. Det er alt for få minuttar igjen til å rekke bussen. Eg husjar og jagar på flokken min mens den dårlige samvittigheten gneg på innsida. Eg skulle så gjerne hatt litt bedre tid!  Vel framme i barnehagen er det av med ytterkleda. Vanligvis går dette fint. Bergen Kommune har bestemt at alle skal vaske henda når dei kjem så på småsida brukar me fem minutter ekstra på dette fordi det er så kjekt. På storsida brukar me fem minutter ekstra fordi kvar einaste overtalelse ein kjenner til må tas i bruk. Å vaske hender er ikkje kjekt! Når alt er ferdig og klemmer og ha-ein-fin-dag er utveklsa til alle kan mor puste letta ut og endeleg gå ut døra. Er eg heldig er bussen fortsatt ikkje gått. Då kan eg klappe meg sjølv på skuldra og sei at dette klarte du jammen bra! Er eg uheldig går bussen akkurat i det eg kjem ut døra. Og det er då eg nokre gonger mistar kontakten med hjernen i stresset og resignasjonen overtar. Gud kor eg drøymer om ein bil som me kan stole på at startar kvar dag!


Ps. Dette er sjølvsagt worst case scenario, me har flest morgoner som er gode og utan stress! ;)

Møkkabil!

2 kommentarer:

  1. Kjenner igjen stresset- det eneste som hjelper er å stå opp før...og sove på bussen:) Gled dere- det er snart helg....Ha en avslappende og fin helg alle sammen:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jeg har aldri dårlig tid når jeg står opp, men et eller annet sted på veien forsvinner tiden :-) Som oftest går det fint, dette er et eksempel på en dag det ikke går så fint... ;-)

      Slett