onsdag 28. januar 2015

Det mørke huset

Huset står der mørklagt og stille. 
Det ventar på nokon som aldri kjem. 
Lydar som før fylte huset er no berre eit ekko i tid. 
Lukkeleg latter då huset var nytt. 
Glede og forventning etter kvart som små barneføtter trippa over golvet. 
Barneføtter som dansa i grøne enger og barnerumper som sklei nedover kvitkledde bakkar. 
La igjen gras, mold og snø i gongen. Skitne barnehender som satte spor over alt. 
Og ei som vaska det vekk.

Den velkjente ringeklokka som stadig vekk kimte, stega som gjekk over dørstokken. 
For ingen venta på at døra vart åpna, her var alle velkomen! 
Ungdommelig moro som fekk finkoppana og glasa i veggseksjonen til å riste. 
Før barneføtene igjen tok over. 
Kaffi og kaker. Skjever med egg og te i koppen. 
Aldri skulle ein reise heim att svolten. 
Ei god bestefarhand å holde i. Så stor at barneneven nesten forsvann. 
På natta vart huset fylt av fredelige snork, så uendelig trygt og godt.
 Julemat, nyttårsfest, bursdager, men flest kvardagar. 
Solskinnsdager i hagen med kaffikoppen i den eine handa og vafler i den andre.

Dei var to som gjorde dette huset til ein heim. 
Først reiste den eine, og det vart stillare. 
Så reiste den andre. 
Ein siste gong var barneneven i bestefarhanda. 

No var det min tur til å vere der for deg.


4 kommentarer: